Adaptasjon

I vår medieverd foregår det heile tida ei utveksling av innhald mellom dei ulike media. Det kan vere at media er opptekne av dei same emna, eller rett og slett at innhaldet i ei bok blir overført til film eller TV, ein teikneserie blir film osv. Dette vert kalla adaptasjon. Her ser vi nærare på dette fenomenet.

Såg du filmen "300"? Veit du at denne filmen eigenteg er basert på ein teikneserie av same navn? På same måte som filmsuksessane om Batman. Kjenner du andre?

Mange filmar byggjer på romanar eller noveller, og etter filmen kan det gjerne kome ein teikneserieversjon, eit dataspel eller til og med ei ny bok som byggjer på filmen og ikkje på den originale bokutgåva (light-utgåve).

Meir om adaptasjon i media (Mediana)

adaptasjon (av lat. adaptare, tilpasse), tilpassing, t.d. av eit kunstverk frå eitt medium til eit anna.