Om mediana

Mediana er ein fri nettressurs for medieundervisning. Vi tek utgangspunkt i utdanningsprogram for medier og kommunikasjon i vidaregående skole, men stoffet her vil heilt sikkert interessere fleire. Brukarane våre er både elevar og lærarar

Under merkelappen "Fagressursar" finn du ein meny med tema frå fagplanen. Under kvart tema finn du to typar stoff: "Oppdrag" er praktiske innføringar, oppgåver og produksjonsopplegg. "Artiklar" er tips, artiklar og samandrag av lærestoff som du finn i lærebøker og anna faglitteratur.

Under merkelappen "Kommunikasjon" kan du sende inn eigne spørsmål, opplegg, produksjonar og peikarar. Du kan og sende "lappar" til oppslagstavla vår. Her finn du det som andre har sendt oss av elevproduksjonar og peikarar.
Vi byggjer Mediana saman med brukarane. Innhaldsleverandørar er lærarar, elevar og fagfolk fra ulike bransjar.
Bli med på å gjere Mediana til ei gullgruve for medieundervisninga.

Jostein Saakvitne ved Mediesenteret, Høgskolen i Bergen er webredaktør.
Send epost 55 58 58 68 / 97 58 53 57

Thomas B. ved Akademiet videregående skole i Drammen har vore med på å lage web-tv. Du finn lenke under "Elevproduksjonar". Foto: Birgitte Simensen Berg.